Dyrud Elektro AS er ein elektroentreprenør med om lag 22 tilsette. Hovudkontoret ligg i Seljord, men vi har tilsette i dei fleste kommunar i Vest-Telemark, og tek på oss oppdrag i heile området. Vi kan levere det meste innan sterkstraum, svakstraum, data- og telenett, alarmar- og tv-overvåkning. Vi er medlem av Elfag, Norges største elektrikerkjede. Elfag-kjeden har meir enn 200 seriøse og profesjonelle installasjonsbedrifter. Vi og Elfag veit kor viktig det er å sette kunden i sentrum og satser på eit godt og varig forhold til kundane våre, store og små.
Tak kontakt med oss i dag, og vi vil hjelpe deg med å gjere heimen eller arbeidsplassen din til eit triveligare, tryggare og meir funksjonell stad å vere.