Fonna Gravferdsbyrå er eit nystifta byrå som står til teneste med alle praktiske gjeremål i forbindelse med ei gravferd. Våre tilsette har lang erfaring og kompetanse, og vil gjera alt for å få til ei verdig gravferd.
Vårt hovudmål er at pårørande skal kunna forhalda seg til ein representant frå byrået gjennom heile sorg- og begravelses prosessen. Vi skal og kunna gi råd og veiledning ut over det som har med sjølve gravferda å gjera.
Nedanfor er ei oversikt over tenester vi utfører i forbindelse med ei gravferd:
• Døgnbetjent vakttelefon - 53 48 05 00 • Henteteneste heile døgeret ved dødsfall i heimen • Konferanse med pårørande i heimen, pr. telefon eller på vårt kontor • Stell av avdøde og nedlegging i kiste • Kister • Svøp / utstyr i kista som skjorte, pute, teppe og beheng • Visning / båreandakt • Transport av båra frå dødstad til kyrkja • Kontakta prest for å ordna tid for gravferd/bisettelse • Blomar til gravferda/bisettelsen, evt. visninga (båredekorasjonar/kransar/ bårebukettar • Pynting i kyrkja / assistera i kyrkja • Trykking av sangar / salmeprogram • Planlegging med pårørande om handlinga/sermonien • Formidla dødsannonsar i aktuelle aviser • Takkeannonsar • Melde frå til lensmannen • Meldingar/begjæringar til politi ved kremasjon • Minnesamvær - ordne lokaler og servering • Minnegåver • Trekors med navn, i påvente av gravmonument • Gravmonument
Ta gjerne kontakt med oss for å få bistand i forbindelse med dødsfall.