Setesdalsylv as vart etablert i 1984 av Ørnulf Hasla. Verkstaden/butikken ligg i Valle i Setesdal, i ein bygning som er ført opp i tradisjonell stil.
Ørnulf Hasla flytta til Setesdal i 1979 der han tok svennebrevet som gullsmed i 1983, og meisterbrevet i 1985. HASLA held til i sentrum av Valle i Setesdal. Der har vi verkstad og butikk, og lagar smykke med moderne og tradisjonell design. Vi prøver heile tida ut nye uttrykk, samstundes som vi byggjer på det tradisjonelle. Vi har spesialisert oss på sylv til bunadane i Agder, Telemark, Rogaland, Trøndelag og Gudbrandsdal.
Sylvet til desse bunadane har lange og sterke tradisjonar, og med utgangpunkt i desse tradisjonane lagar vi sylvet med vårt eige særpreg, og med den kvaliteten HASLA er kjend for. Vi seier gjerne at «Sylv frå HASLA eig du ikkje, du tek vare på det for seinare generasjonar.»