Pr. idag er me 8 tilsette fordelt på 7 årsverk. Me har eit moderne anlegg med nye og effektive maskinar. Dette er viktig for å vera effektive og konkurransedyktige. Me har også satsa mykje på å vera så energieffektive som råd og har investert i ei rekkje framtidsretta energiløysingar.
Me held framleis på dei gode gamle tradisjonane med tørrsalting og eldhusrøykjing for å få den kvaliteten på produkta som me ønskjer. Samstundes ønskjer me å tilpasse oss og følgje med utviklinga i markedet, difor kan me i dag tilby ei rekkje forskjellige produkt.