Modellen av hurtigruta «M/S Kong Harald», som Per Kjellevold frå Ulstein har laga, har vunne pris for beste radiostyrte modell i Tyskland.
MODELLBÅT: Det er lesarar av det tyske modellbåtbladet «Modell Werft» som har stemt båten fram til 1.plass i kategorien beste radiostyrte modell. Det gjer modellbåt-byggjaren i Sundgotmarka i Ulstein stolt og glad. Veldig kjekt å få igjen litt for alle dei timane eg har lagt ned. Eg tek det som eit teikn på at dei som les bladet likar båten. Eg har tidlegare fått tilbakemelding frå kjøparar av byggjesettet i Tyskland om at båten held høg kvalitet, seier Per Kjellevold.
Mange arbeidstimar:
Kjellevoll har, bokstavleg talt, bygd opp ein liten i industri i kjellaren på bustadhuset. Bakgrunnen er at han har bygd fem-seks modellbåtar og har arbeidd som elektrikar om bord i «M/S Kong Harald». Saman med ein kameratteikna han for seks år sidan ein modell av hurtigruta «M/S Kong Harald». Vel eitt år og 3-4.000 arbeidstimar seinare stod modellen i skala 1 til 100 ferdig. 122 cm lang og med ei breidde på 19 cm og ei høgde på 35 cm. Meininga var å byggje ein båt for å ha han sjølv, seier Kjellevold. Slik gjekk det ikkje. Etter å ha sett båten tok folk til å mase. Dei ville kjøpe.
Har seld 80 byggjesett:
Fem år seinare har han seld 80 byggesett til kundar, dei fleste i Norge, men også mange i Europa. Kjellvold har ni underleverandørar av dei 600 delane som høyrer til byggjesettet. Heime i kjellaren pakkar han setta saman og leverer dei ut til kundar. Eitt byggjesett kostar 9.500 kroner.
Skal utvikle ny båt:
Han legg vekt på at båten skal vere enkel å byggje og at du ikkje skal ha behov for spesialverkty for å setje han saman. Det har vore mange små tekniske hindringar undervegs, men no kjem altså den første utmerkinga for innsatsen. Av byggjesettet som Kjellevold leverer kan du byggje enten «Kong Harald»,«Richard With» eller «Nordlys», sidan desse tre hurtigrutene er temmeleg like. No går han med planar om å utvikle eit nyt.