| | Lundarhegni NaturparkRØTER, GJENKLANG OG FORSYN (ein mytologisk naturpark under utvikling) |  |
| | 
| |  | Kontaktpersoner, Lundarhegni Naturpark |
 
|
  Lundarhegni Naturpark er namnet på eit vakkert og fredleg, 65 da stort, utmarksområde på Eikeland, Hatlestrand i Kvinnherad kommune, Ytre Hardanger. Gamlelunden, eit lokalt, førhistoriske, sermonielt knutepunktet frå bronsealder/folkevandringstid, er opphavet til namnet. I utviklingsperioden vil naturparken bli open for telt- og badegjester som ikkje set høge krav til fasilitetar. Det er også råd å leiga ei lita tømmerhytte. Naturreligiøse, naturistar, stammefolk, kunst-, kultur-, historie-, og teaterinteresserte er spesielt velkomne. Høgsesong: 1. mai - 30. sept.
Naturparken har tilgang på barnevennleg badestrand. Naturparken er knytt opp til, og samarbeider med, eit gardsbruk som driv økologisk mjølkeproduksjon på den gamle kurasen Vestlandsk Fjordfé. Gardsbruket har nokre få plasser for bubil/caravan.
Rettleiande prisar for sesongen 2012:
Tømmerhytte: Pr. natt: 500,- (vekepris: 3000,-) Bubil /caravan/stort telt: Pr. natt: 180,- Bil m/ camplett/familietelt: Pr. natt: 150,-
Bil m/ tomannstelt: Pr. natt: 130,- Vandretelt (uten bil): Pr. natt: 110,-
Reint vatn levert på spann(40l): 50,-
Teaterkveld: kr 200/100/500 for vaksne/born/familie.
Sommaren 2012: Mytologifestival, ALVELAND, 20. - 22. juli. Hovudartist blir Den arktiske Alven, Elin Kåven frå Alta. Fullt familievennleg program vil bli lansert etter kvart. Temaet for mytologifestivalen vil variera frå år til år. Lundarhegni Naturpark er tenkt oppbygt over ein 10-års bolk, med årlege nye tilbod. Når heimesida vår blir lagt ut på nettet, kan ein lesa meir om planane der. Fullt etablert, håpar me å kunna tilby fylgjande:
1) Bustadkompleks 2) Telting, og leirliv 3) Landnaam 4) Teater og rollespel 5) Sermonielle aktivitetar 6) Tingstad og sovehytter 7) Servicebygg m/sanitærrom, kjøken, matsal, festsal, møterom og terapirom 8) Miljø for kunst og kunsthandtverk 9) Utflukter i lokalgeografien 10) Tilgang sjø, fiskeplass og båt
|
|
|
|