To butikkar vert drive av Reiakvam Foto AS. Hovudbutikken ligg i Sentrum Sør, og vi har ein filial i kjøpesenteret Førde Torg. Begge butikkane er tilknytt fotokjeden Elite.
Digital framkalling
Foto laboratorium for amatørproduksjon har vi drive sidan 50-talet, i farge frå1987. I dag har vi ein digital lab. i hovudbutikken, og ein analog lab. på Førde Torg. Frå dette utstyret kan vi produsere bilete frå negativ,dias, bilete eller frå digitale filer i storleikar opp til A3 (30X40).
Fagfotograf
Fagfotograf med fagbrev har vi hatt i bedrifta sidan starten. Olav har i tillegg 3-årig utdanning i foto frå Harrow Thechnical College and School of Art i London. Vi har studio i hovudbutikken for fotografering av portrett, brudepar, born, reklameartiklar, kunstverk eller kva det måtte vere. Vi tek ellers på oss oppdrag ute.
Råmeverkstad
Råmeverkstad med topp moderne utstyr er ein integrert del av butikkdrifta. Vi har fleire tusen meter med rammelist på lager og rammer inn kunst, foto og gjenstandar. Vi har maskin for skjæring av passeparout i tillegg til utstyr for oppklebing og laminering.