Skre Natur- og Miljøvurdering er eit nettbasert konsulentfirma, stasjonert i Bergen, som utfører oppdrag innan fagfelta forvaltning og miljøvern, prosjektarbeid, rapportskriving og naturfagleg forskning. Vi har eit stort nettverk av kontaktpersonar ved ulike forskningsinstitusjonar både i Norge og i andre land, som kan koplast inn etter behov.
Kva kan Skre NMV hjelpa deg med? Skre NMV har solid naturfagleg bakgrunn med vekt på vegetasjonsøkologi, skogfag og plantefysiologi. Vi har god kontakt med forskningsmiljø i inn- og utland, og mangeårig erfaring med forsøksplanlegging og prosjektarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Langsiktig naturovervaking med tanke på spreiing av planter eller av stress- og miljøskader (klima og forureining) er eit anna av våre spesialområder. Skre NMV kan og tilby ei rekkje informasjonstilbod og -tenester innan desse fagfelta.
Informasjontilbod og tenester: Skre NMV kan tilby informasjon og dokumentasjon om natur- og miljøfaglege verdiar i Vestlandsregionen, og stå til teneste når det gjeld å arrangera kurs og konferansar, utstillingar og ekskursjonar om naturfaglege emne, kulturlandskapsvern og landbruk.
-Publikasjonar og databasar -Kurs og konferansar -Utstillingar -Ekskursjonar -Forskning og utvikling -Skre NMV har mangeårig erfaring med forskning og utviklingsarbeid innan fagfelta klimaforskning, vegetasjonsøkologi, skogbruk, naturovervaking og stressfysiologi. -Vi har og solid bakgrunn i prosjektplanlegging og internasjonalt samarbeid om store naturfaglege prosjekt.
-Forsøksopplegg -Prosjektplanlegging -Internasjonalt samarbeid (nettverk) -Overvaking av natur og miljø -Vegetasjonskartlegging -Evaluering av naturfaglege verneverdiar -Arealplanlegging i skog- og landbruk -Rapportskriving (norsk og engelsk) -Kjemisk analyse av planter og jord.