Håndverkstradisjonen er sterk i Morgedal. Skimaking og lafting har lenge vore næring i bygda. Det var på tide å gjere næring av mattradisjonane og. I 2001 starta tri jentur i Morgedal alt på eit sprøtt konsept. Me starta opp me eit ynskje om å få fram den gamle smaken av eit tradisjonelt flatbrød frå Telemark.Sjølv med meir moderne teknikk er stemninga i bakstestoga framleis magisk. Gjennom mange generasjonar har folk late seg "fange inn" av lukta, varmen, lyden av kjevla som rullar att og fram over leivane, og håpet om ei lita smaksprøve. Det skapar bilete og fører tankane bakover i tida.
Produksjon og produkt
Skreppa sin spesialitet er heimebaka flatbrød
Flatbrød (Morgedalsbrau), grovt mjøl og godt smør gjær Morgedalsbrauet særs velsmakande. Flatbrødet er laga etter gamal oppskrift og steikt på takke.
Flatbrød har sin faste plass på alle middagsbord og er den eldste formen for brød i Telemark. Det har vore akta og æra i mange hundre år. Kvar vår og haust vart det baka store stablar med flatbrød som vart lagra på stabburet. Ei husmor med respekt for seg sjølv, kunne ikkje væra utan flatbrød. Ofte var det bakstekjerringar som drog frå gard til gard og baka. Det var litt av ein sjau å ha desse kjerringane på garden. Mannfolka måtte skaffe spesialved, helst tørr granved som var kløyvd i små skier slik at den passa i kjeleringen.