Solheim Diesel AS sitt mål er å vere ein kvalitetsleverandør for båtfolket. Vi sel nye og brukte motorar og deler, har eigen verkstad, 16 tons løftekran på kaia og utfører alt av reparasjonar. Vi har ikkje minst dyktige fagfolk som kan båtmotorar. Treng du slangar til hydraulikk så lagar vi det og!
Når du kjem sjøvegen til Florø og passerar Nordnesmoloen så finn du oss på styrbord side, rett etter moloen.
Også ein båtmotor treng litt ekstra pleie og omsorg for å yte maksimalt til ein kvar tid. Våre tilsette har lang erfaring, er sjølve båteigarar, og veit difor kvar «skoen trykker».