Henrikstova er det gamle våningshuset på garden Solvåg i Svinevik, eller Vikja som det heiter i daglegtale. Den vesle bygda med tre gardsbruk ligg på vestsida av Barmøy, med utsikt mot Silda og Raudeberg i Vågsøy mot vest, og Sildagapet, Stadlandet og klosterøya Selja i nord.
Henrikstova er nettopp ferdig oppussa, og framstår i dag som ein romsleg og moderne bustad med alle fasilitetar: 6 soverom 3 stover moderne kjøkken med fullt utstyr, der ein kan gå rett på den store og romslege altanen. Moderne flislagt bad med vaskemaskin og tørketrommel. Stor hage til fri bruk for gamle og unge.
Henrikstova
Rikeleg med plass på dei mange berga til å stå med fiskestang, eller fange krabbe med teiner eller rake den rett trå berga. Dei fleste vil likevel ut i båt, og fiskeplassane er mange. Både i smult farvatn rundt øya, men også ut mot det fiskerike Stadhavet. Flytevestar og utstyr til krabbefiske får ein låne gratis, og vertskapet syner til rette i bruk av båt og utstyr.
Velkommen til eit minnerikt opphald i Henrikstova!