


| |   Stokk & Stein fekk etter starten i 1997 fort god kontakt med marknaden, og har gjennom åra hatt fleire store oppdrag som har profilert bedrifta på ein god måte. Allbrukshus for Kistefos Træsliberi, eit tømmerbygg på 250 m2, er eitt eksempel. Dette vart bygt alt første driftsåret. Andre døme er prestisjeprosjekt som Soria Moria i Holmenkollen og Noreg si tusenårsgåve til Island, stavkyrkja på Vestmannaeyar. Restaureringsoppdrag for Riksantikvaren og Fortidsminneforeininga er det fleire som har hatt.
Treskjæringen har lang tradisjon i Norge, og også her i Gudbrandsdalen. Stokk & Stein har dekorert alt i frå vindskier, stolper, spir, vindus- og døromraming til inngangsportal på stavkyrkja til Island. Vi har restaurert skurd på Skjåk-Ola skap, gamle vindskier, stueklokker, gamle langbord m.m.
Våre kundar har alltid vore med på å setje sitt personlege preg på dekoren, noko vi synes er spennande og tek som ei utfordring. Her kan du sjå nokre døme på det arbeidet vi har gjort så langt.
Laftinga har endra seg gjennom tidene. Dei forskjellige tidsepokane kan lesast ut frå forma på laftehodet, lafteknutar og gjennom forma på stokkane. Det fins nesten like mange måtar å utforme lafta tømmerhus på som det fins tømrarar. Før i tida vart kvar måte nedarva frå slektsledd til slektsledd, og det måtte til godt handlag og mykje øving.
Lafting er eit vanskeleg og krevjande handverk. For å bli ein god laftehoggar må ein ha innsikt, handlag, og erfaring. Det er òg viktig med gode kunnskapar om trematerialet og behandlinga av dette. Ein må blant anna forsikre seg at tømmeret er tørt nok, om det er vridingar som vil påverke stokken når ein hugg i han, om stokken har ein sidekrok og om stokken passar best akkurat til det ein driv med no eller om ein skal spare han til ein annan plass i veggen. Slike vurderingar gjer laftehoggaren ved bruk av kvar einaste stokk for å sikre at kvaliteten på bygget han driv med verte den aller beste. Laftehus har i dei seinare åra kome på mote att, særleg fordi folk har funne ut at tømmerhus er sunne å bu i. Det er derfor viktig å ta vare på denne tradisjonsrike byggemåten utan spiker, medan det ennå er folk som kan den.
Kva er handlafting? Det blir bruktnyare type verktøy som motorsag og elektriske høvlar til grovarbeidet på stokken, men når stokken skal finpussast vert det brukt gamle tradisjonelle lafteverktøy, slik som bile, meddragsjern og bandkniv. Slurv ved bruk av slikt lafteverktøy, for å spare tid og å presse prisen nedover, vil garantert visast på det ferdige resultatet. Dette fortel negative presseoppslag om dårlege laftehus mykje om.
Lafta hus er bygd for mange generasjonar og ein skal leggje sjela si i slikt arbeid..
Vi leverer i følgende fylker:
Finnmark Alta Hammerfest Honningsvåg Kirkenes Vadsø Vardø
Troms Finnsnes Harstad Tromsø
Nordland Bodø Brønnøysund Fauske Leknes Mo i Rana Mosjøen Narvik Sandnessjøen Sortland Stokmarknes Svolvær
Nord-Trøndelag Levanger Namsos Nærøy Steinkjer Stjørdal Verdalsøra
Sør-Trøndelag Trondheim Brekstad Røros
Møre ogRomsdal Fosnavåg Kristiansund Molde Ulsteinvik Ålesund Åndalsnes
Sogn ogFjordane Flora Førde Måløy
Hordaland Bergen Stord Odda
Rogaland Bryne Eigersund Haugesund Jørpeland Kopervik Sandnes Sauda Skudeneshavn Stavanger Åkrehamn
Vest-Agder Flekkefjord Kristiansand Farsund Lyngdal Mandal
Aust-Agder Arendal Grimstad Lillesand Risør Tvedestrand
Telemark Brevik Kragerø Langesund Notodden Porsgrunn Rjukan Skien Stathelle
Vestfold Holmestrand Horten Larvik Sandefjord Svelvik Tønsberg
Buskerud Drammen Hokksund Hønefoss/Ringerike Kongsberg
Oppland Gjøvik Lillehammer Otta
Hedemark (Hedmark) Elverum Hamar Kongsvinger
Oslo
Akershus Drøbak Lillestrøm Sandvika Ski
Østfold Askim Fredrikstad Halden Moss Mysen Sarpsborg |
|
|