--
 
Finn leverandør, bransje, firma, nummer i Norge, Sverige og Danmark:
  Søk på norsk i: Norge Sverige  Danmark  

Infoside

 

Synsenteret Voss AS

Vårt fokus har frå fyrste stund vore service og kvalitet i alle ledd. Velkomen til Synsenteret Voss!
Kontaktinformasjon, Synsenteret Voss AS
Telefonnummer:56 51 01 01
Telefaks:56 51 01 02
Mobiltelefon:---
Besøksadresse:Sverresplass 3
5700, Voss
Postadresse:Postboks 343
5702, VOSS
Hjemmeside:Klikk her
Epost:
Kontaktperson:Hedvig Røhnebæk
Åpningstider
Ikke oppgitt
 
Kontakt

Her kan du enkelt sende en forespørsel til leverandøren direkte fra Nettkatalogen.

Det er viktig at alle felter fylles ut slik at du er sikret raskest mulig respons.

Avslutt med å klikke på Send >>
 
Emne:
Ditt navn:
Firmanavn:
Din epost:
Telefonnummer:
Melding:

Ikke det du leter etter? Prøv en av våre andre annonsører: Sponsede Lenker
 
Om Synsenteret Voss AS

Synsenteret Voss er ei relativt nyetablert bedrift. Me opna dørene 2 januar 2004.Men det betyr ikkje at me manglar verken erfaring eller kompetanse. Me er 2 optikarar / optometristar som eig og driv butikken; Hedvig Røhnebæk og Kristina Finne, uteksaminert frå Kongsberg Ingeniørhøgskule i 1994. I tillegg har Hedvig Røhnebæk som ein av ca. 100 optikarar i Noreg, master grad i optometri frå Pennsylvania College of Opthometry.



Vårt fokus har frå fyrste stund vore service og kvalitet i alle ledd. Med fagleg oppdaterte og positive medarbeidarar meinar me at med står sterkt rusta til å yta deg den beste service: Er du ikkje nøgd, fortel det til oss! Er du nøgd fortel det til dine venner.

VELKOMEN TIL OSS

Kontaktlinser

Dagslinser
Dette er linsene du slepp å reingjera. Du kastar dei etter ein dags bruk!
Det er ingen krise dersom du mister ei linse.
Kvar morgon startar du dagen med nye, reine linser. Dette er linser som er enkelt å kombinera med brillebruk. Supert for deg som brukar linser fast, av og til eller ynskjer å kombinera linsebruken med hyppig brillebruk.

Linser for skeive hornhinner/ astigmatisme
-Nei, eg kan ikkje bruka linser, eg har skeive hornhinner.
Denne utsegna høyrer me ofte. Men utviklinga går heldigvis framover. Det som ikkje var så enkelt tidlegare, er enklare no.
Svært mange med skeive hornhinner (eller astigmatisme som det heiter på fagspråket), kan i dag få kontaktlinser som korrigerar for denne skeivheita.

Farga kontaktlinser
Utvalet er enormt innan spekteret farga linser.
Du kan få linser som gir deg brune, grøne, turkise eller knallblå auge. Du kan få fargar som forsterkar din eigen augefarge eller fargar som rett og slett endrar augefargen din fullstendig. Du får linser med dei utrulegaste figurar og effektar, som skapt for eit skikkelig party!



Dersom du er linsekunde sjå Synsenteret Voss har du sjølvsagt nokre godar:
• 10% brillerabatt
• 10%solbrillerabatt
• Gratis akutthjelp
• Bytegaranti på linser
• Kvalitetsgaranti på linser
• Jamleg oppfølging og kontroll av augene.
• Gratis utprøving av nye produkt.

Døgnlinser
Dette er linser du kan bruka kontinuerleg i opp til 30døgn.
Den ideelle linsa for deg som ynskjer å sleppa å ta av og på linsene. Gløym at du ser dårleg! Fex. Når du vaknar midt på natta, gløym reinhald, vask og rens. Døgnlinsene er ekstra mjuke og slepp gjennom seks gonger meir oksygen enn tradisjonelle linser. Døgnlinser er eit supert alternativ for deg som er plaga med tørre auger og har problem med å bruka linser, du må ikkje sova med desse linsene, dei kan godt brukast som ei vanleg månadslinse, kun på dagtid.

Progressive linser
Presbyopi, som betyr gamalt syn på gresk, rammar oss alle uansett kor godt eller dårleg syn du har frå før. Mange kjenner seg att på at armane vert for korte for avislesing! Då er det tid for å starta med lesebriller eller du kan prøva progressive linser.
Dette er heilt klart ei god løysing for deg som lever eit aktivt liv. Du slepp å ta fram lesebrillene kvar gong du skal lesa ein prislapp i butikken, eller når du skal lesa menykartet når du er ute og et.

Briller & trendar
Motar og trendar er ein naturleg og viktig del av vår kvardag, og briller er inga unntak – snarare tvert i mot. Innfatningar fylgjer moten, og hjå Synsenteret Voss finn du alt frå det heilt moteriktige til dei meir klassiske innfatningar. Briller er med på å skapa din personligdom.



Våre tilsette har kunnskap og kurs innan områda form og farge.
Vår kompetanse hjelper deg til å finna ei brille som passar deg og som du vil trivast i.

Ta ein kikk på nokre av våre brilleleverandørar:
• Trend Optikk
• Scandinavian Eyewear
• Luxottica
• Silhouette


Prisar og garantiar:
Hjå oss kan du få innfatningar og brilleglas i alle priskategoriar.
Me kan tilby Extrabrillen, ei komplett brille frå kr. 795-
Progressiv extrabrille får du til kr. 1795-

Kom og sjå vårt utval i solbriller med styrke utan tillegg i pris.

Hugs at brilleglas leverast i mange ulike kvalitetar og at prisane derfor kan variera mykje. Me har den beste kompetanse nå det gjeld val av brilleglas og kan forklare kva dei ulike kvalitetane vil bety for din synskomfort.

Brille på dagen
Som ein av få butikkar har me brilleglas på lager. Dette gjer at du kan få brille levert på timen hjå oss.

Rentefri avbetaling (C-konto)
Byt briller så ofte du vil! Betal etter kvart med C-konto – utan tillegg i pris.
Med C-konto kan du dela opp kontantbeløpet i 12 eller 24 månadar utan renter og gebyr.

Garantiar
• Alle brilleglas har tilvenningsgaranti på 3 månadar
• Fungerar ikkje brilla, tar me ny synsundersøking utan kostnad for kunden.
• Dersom glasa må skiftast pga. styrkejustering, vert dette gjort utan kostnad
for kunden
• Etterjusteringar, tilpassing, skruer, lodding og liknande er ein sjølvsagt service


VELKOMEN TIL OSS
Velg sted:       A    B    C    D    E    F    G    H    I    J    K    L    M    N    O    P    Q    R    S    T    U    V    W    X    Y    Z    Æ    Ø    Å     > Nyheter> Telefonkatalog> Geografisk
  Offentlig søkSøk i nyheterNettsøk (Norge / verden)BedriftskatalogTelefonkatalogKart og satelittbilderRubrikkFinn best pris  

0,14s - 6