Toyota Norheimsund blei etablert i november 1994, i leigde lokale i Sandvenhagen.I 1996 kjøpte me oss lokale på Sandven, før me igjen kjøpte tidlegare Mo Auto i Steinsdalen i samarbeid med Øystese Mek. Verkstad, og Mo autoservice januar 2000.
Me er ein under-forhandlar av Jæger automobil a/s i Bergen, og har som hovudmål å selja nye Toyota, samt brukte bilar både av Toyota, og andre merke. Over 50% av vårt bruktbilsal er bilar som me skaffar på bestilling for kundar.
I tillegg til bilsal, har me også ein bilutleigeavdeling, og agentur på sal av Brenderup-biltilhengara.
Toyota Norheimsund, har sidan starten vore ein aktiv forhandlar, og har i fleire år vore marknadsleiar i distriktet.
Toyota Norheimsund er ein rein bilforretning. Me har eit nært samarbeid med Øystese Mek. Verkstad, som er forhandlar for ettermarknaden (verkstad, delelager)
Øystese Mek. er ein komplett forhandlar med verkstad for både mekanisk og karosseri/lakk. I tillegg representerar dei NAF og Falken bilberging. Åpningstider Bilsalg kvardagar 09.00-16.30 torsdag 09.00-18.00 laurdag 10.00-13.00