Tussa er eit leiande energikonsern på Nord-Vestlandet som består av morselskapet Tussa Kraft AS og dotterselskapa Tussa Nett AS, Tussa Energi AS, Tussa-24 AS, Tussa IKT AS og Sunnmøre Energi AS. Tussa har om lag 250 medarbeidarar og ei årleg omsetjing på om lag 500 millionar kroner.
Selskapet:
Tussa Kraft AS - Felles administrative funksjonar som personal- , økonomi-, informasjons-, innkjøps- og HMS-saker for konsernet er lagt til morselskapet - Tussa Kraft - og samordna frå dette selskapet.
Tussa Energi AS - Tussa Energi AS eig 12 og driv 14 kraftstasjonar med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på om lag 560 GWh. Tussa Energi har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta.
Tussa Nett AS - Tussa Nett AS har ansvaret for all transport av elektrisk energi på søre Sunnmøre. Linje- og kabelnettet er på om lag 3 400 km og selskapet eig og driv 1 400 nettstasjonar og 18 transformatorstasjonar.
Tussa-24 AS - Tussa-24 AS har ansvaret for sal og marknadsføring av Tussakonsernet sine produkt og tenester. Tussa-24 AS har hovudkontor i Dragsund i Herøy.
Tussa IKT AS - Tussa IKT AS leverer profesjonelle tenester knytte til design, installasjon, leveranse og drift av datasystem, og eit breitt sortiment av dataprodukt til offentleg og privat sektor.