| |  | Roller / styresammensetning, Vangsgården AS |
 
|
   Vangsgaarden ligg sentralt på Aurlandsvangen, og består av Vangen Motell, Rorbuer, Aabelheim pensjonat og Duehuset pub. Vangsgaarden utgjer det eldste bygningsmiljøet på Aurlandsvangen.
Aabelheim Aabelheim vart bygd på eigedommen av oberst Meidell i 1750-åra. I 1830 blei eigedommen selt til prest Ole Aabel, som bygde nytt hovudbygg. Slekta var buande i huset til omkring 1900. Frå den tida fram til 1942 er det uvist kven som budde i huset, men i 1943 starta Anna Jordal pensjonat i huset under namnet Aabelheim Pensjonat. Staden vart m.a. populær blant sportsfiskarar, mange norske skipsreiarar. Utanlandske velståande turistar var òg flittige gjester. Son til Anna Jordalen, Ingmund Stigen, overtok staden i byrjinga av 1970-åra. Etter kvart som det gjekk dårlegare med fisket i Aurlandselva frametter 1980-talet, var det vanlege turistar som vart gjester ved pensjonatet. Aabelheim er i dag freda av riksantikvaren.
Vangen Motell Omkring 1770 bygde kaptein Juell ein bustad på eigedommen som seinare vart Wangen Hotell. I 1849 vart huset selt til Knut Rosendahl, som dreiv fiske, og etter kvart forretning på Aurlandsvangen. I 1853 selte han eigedommen og landhandelen til Hans Johannes Brun, som la grunnlaget for hotelldrift, handel, post- og skipsekpedisjon på Vangen. Om somarane strøymde turistane til Aurland, særleg engelske laksefiskarar var det mange av. I 1886 døydde Brun og eigedommen vart selt til Ellend Wangen, han og kona Stina dreiv hotellet med suksess like fram til etter andre verdskrigen, under namnet Wangen Hotell. Ola Wangen overtok hotellet og handelsdrifta, og dreiv fram til slutten av 60-åra, då hotellet vart stengd m.a. på grunn av manglande brannsikring. I byrjinga av 1970-åra, og i 1975 vart staden opna att etter modernisering, denne gong som motell. I tillegg vart det bygd rorbuer nede ved fjorden. I 1995 vart Aabelheim og Vangen Motell skipa som eit selskap med namnet Vangsgaarden.
|
|
|