Lindås Rør & Sanitær AS vart etablert i 1967 av Edith og John Nævdal. Det starta med lager og kontor i heimen på Tveitegrend i Lindås kommune. Etter kvart som bedrifta vaks auka talet på ansatte i tråd med dette.
I 1984 vart det starta opp aksjeselskap med John Nævdal og 4 søner: Leif, Vidar, Svein, og Roald.
Det vart bygd nye lokale med kontor, lager og butikk i Knarvik med oppstart i juni månad i 1984. Sidan har bedrifta ekspandert jevnt og i dag er det 14 ansatte med ein årleg omsetnad på ca. 16 millioner.
Dagleg leiar er: Leif Nævdal
Ansvarleg for varmeinstallasjoner, gulvvarme, varmepumpeanlegg og oljebrennere er: Svein Nævdal
Arbeidsformann og kontaktperson for sanitærinstallasjoner er: Roald Nævdal
Firmaet prosjekterer og utfører installasjoner med VVS anlegg, varme, gulvvarme, varmepumper, oljebrennere og kjeler, i alle typer bygg i vårt arbeidsområde. Gulvvarmeanlegg og varmepumper er blitt vår spesialitet.
Anlegga vert konstruert med det formål å få eit best mulig effektivt, funksjonsmessig og økonomisk anlegg i drift. Vi har ein stabil og dyktig arbeidstab som utfører ein ansvarsfull installasjon. Vi vektlegg god service og hjelp for våre kunder.
Firmaet har eit godt samarbeid med lokale entreprenører og vi utfører også totalentrepriser. Vi benytter oss av seriøse og erfarne leverandører av våre produkter.